Programmering og politikk - det liknar meir enn du trur

Mads Opheim

Lightning talk - in Norwegian

Du har kanskje ikkje tenkt på at politikk og systemutvikling har mange likskapar? At mange av triksa frå programmeringa di også fins i politikken? Likskapane mellom ein politisk rådgjevar og ein funksjonell arkitekt? Eller kva ein kommunikasjonsrådgjevar og ein UX-designer har felles?

Parallellane er fleire enn du trur, og det er mange triks vi ikkje har plukka opp frå den politiske verda. Etter denne lyntalen har du kanskje lært eit par av dei. Det er også andre triks både vi og kundane våre dessverre har plukka opp. Her får du nokre eksemplar på det, og tips til korleis du best kan kontre det - og korleis statsrådane kontrar det.

For både politikk og programmering er det mogleges kunst.